
STANGVIKFESTIVALEN 2026
Vi er så glade for å kunne invitere til Stangvikfestivalen 2026!
HER finn du billettar til alle festivalens arrangement i år.
Sett av datoane 11.-16. august 2026! Vi sjåast der!
Stangvikfestivalen arrangerast med SpareBank 1 Nordmøre som hovudsponsor:

***

Printvennleg program lastar du ned ved å klikke HER.
Her finn du fullt program for Stangvikfestivalen 2026:
TYSDAG 11. august
Opningskonsert – Bøfjorden sjøbruksmuseum kl. 19:00
Årets festivalartistar med Rasmus Rohde, Trygve Brøske, Sigrid Vetleseter Bøe og strykekvartetten Gioia i spissen gir musikalske smakebitar av kva som ventar gjennom veka.
BILLETTAR: https://checkout.ebillett.no/488/events/9/purchase
***
ONSDAG 12. august
Fjong Salong på Rønnan (med Afternoon Tea) – kl. 18:00
Festivalartistane inviterer «heim» til salongkonsert i dei vakre stuene på Rønnan. Det er her musikarane bur under festivalveka, og gjennom ord og tonar illustrerer dei korleis salongmusiseringa i heimen har vorte bruka både sosialt, politisk – ja, til og med ulovleg – gjennom ulike tider! Cathrine Winnes tek oss med inn i historiene; om kvinner som krev å bli høyrde, om dei første stega til berømte komponistar, og om å sette livet på spel med Beethoven.
I Fjong Salong blir det sjølvsagt servert Afternoon Tea (inkludert i billettprisen).
Velkommen til dei herskapelege stuene!
BILLETTAR: https://checkout.ebillett.no/488/events/10/purchase
Halvliter og kjellarmusikk – Bryå kl. 20:00
Festivalartistane gir oss flotte musikkstunder i dei hyggelege kjellarlokala på Bondehuset i Stangvik.
Fri inngang!
***
TORSDAG 13. august
Operakveld: «Hekta» – Todalen ungdomshus kl. 19:00
Operasolistar og -pianist byr på operatiske opplevelsar med laus snipp i lag med salg av snacks og drikke.
BILLETTAR: https://checkout.ebillett.no/488/events/11/purchase
***
FREDAG 14. august
Familiekonsert – Rutå kl. 12:00
Familiekonsert på Rutå med Solveig og Sveinung Bø Brøske med familie og vennar. Mykje kjent og kjært, og noko underleg og sært!
BILLETTAR: https://checkout.ebillett.no/488/events/12/purchase
Kaffekonserten «Tett på kvartett» – Bondehuset kl. 13:30
Ein ettermiddagskonsert med kaffe og kaker i Bondehuset. Strykekvartetten Gioia, med Alex Robson, Ola Lindseth, Anne Våg Aaknes og Live Sunniva Smidt, saman med pianist Else Bø gir musikalske stunder som passar ekstra godt til kaffekoppen.
BILLETTAR: https://checkout.ebillett.no/488/events/13/purchase
Kammerkonsert: «De nære ting» – Stangvik prestegard kl. 18:00
I dei historiske og intime omgivelsane i Stangvik prestegard inviterer Stangvikfestivalen til romansekonserten «De nære ting». Her kjem publikum tett på både tekst og musikk når festivalartistane formidlar sterke, lågmelde og nære musikalske songskattar. Ein kveld skapa for dei store opplevingane i det vesle, nære formatet.
BILLETTAR: https://checkout.ebillett.no/488/events/14/purchase
Kunstutstillingsopning – Galleri Bondehuset kl. 20:00
Årets festivalkunstnar Yngvild Sæter opnar kunstutstillinga si med musikalske innslag.
Fri inngang!
Fredagskveld i Bondehuset: «Eight Songs for a Mad King» med Arnstein Morken & SiTron, «Løgner i sanntid» med Rasmus Rohde m/band – Bondehuset kl. 21:00
Tenor Arnstein Morken og SiTron gir oss Peter Maxwell Davies’ Eight Songs for a Mad King, eit er banebrytande og intenst musikkteaterverk, som skildrar den britiske kong Georg IIIs mentale forfall. Etter pause får vi oppleve Rasmus Rohde med band og konserten Løgner i sanntid. Den tradisjonelle skillingsvisa får eit herleg og satirisk ansiktsløft av eit stjernelag av musikarar. Her vert både samfunnsfloker og kvardagslege usannheiter pakka inn i fengjande melodiar og skarpe tekstar.
BILLETTAR: https://checkout.ebillett.no/488/events/15/purchase
***
LAURDAG 15. august
Familieforestilling: «Mannbjønnen» – Stangvik prestegard kl. 12:00
Med utgangspunkt i ei sann og dramatisk bjørnehistorie frå 1770-talets Nordmøre, inviterer Stangvikfestivalen til ein nyskriven, humoristisk familiemusikal om den myteomspunne Mannbjønnen. Gjennom ferske songar, spenning og herleg teatergnissing vert publikum i alle aldrar dregne inn i ei fabelaktig reise om frykt, gamle mytar og kva som eigentleg er sant.
BILLETTAR: https://checkout.ebillett.no/488/events/16/purchase
Kyrkjekonsert: «Skaparverket» – Stangvik kyrkje kl. 14:00
Under augustkvelden i Stangvik kyrkje inviterer Stangvikfestivalen til den storslåtte konserten «Skaparverket». Her møtest SiTron, festivalartistar og songarar til ei mektig og unik musikalsk oppleving.
BILLETTAR: https://checkout.ebillett.no/488/events/17/purchase
Fiskesuppe – Bondehuset kl. 16:00
Tradisjon tru blir det salg av fiskesuppe med fisk frå Stangvikfjorden. Vi oppfordrar publikum til å komma i god tid for å få plass!
Artist talk – Galleriet Bondehuset kl. 18:00
Brit Dyrnes og årets festivalkunstnar Yngvild Sæter gir oss eit djupdykk inn i kunstens verden.
Fri inngang!
«Cinema Paradiso» – Bondehuset kl. 21:00
Festivalartistane med kapellmester Trygve Brøske i spissen lagar ein festkveld du ikkje vil gå glipp av med temaet «Cinema Paradiso».
BILLETTAR: https://checkout.ebillett.no/488/events/18/purchase
***
SØNDAG 16. august
Boklansering med Rannveig Eikrem – Bøfjorden sjøbruksmuseum kl. 15:00
Rannveig Eikrem har skrive boka om Halse og folketonane. Boka er basert på hennar masteroppgåve i musikkvitenskap frå 2008. No er all musikken transkribert og digitalisert og i denne boka blir samlinga av folketonar gjort tilgjengeleg for alle interesserte. Denne søndagen lanserast boka med eit konsertføredrag, der vi får høyre Eikrem fortelje om Halse og tonane, og om arbeidet med boka. Vi får også høyre eit utval av songane, framført av Eikrem og folkesongar Runa Kvalsund.
Fri inngang!