Stangvikfestivalen     (1999 – 2014)

KVALITET – INTIMITET OG STOR SPENNVIDDE

Et historisk tilbakeblikk:

Som ein bakgrunn sakser vi frå det første programmet til Stangvikfestivalen. Der får de eit innblikk i bakgrunnen for denne festivalen og korleis det heile starta:

”Velkommen til den første Stangvikfestivalen”

I fjor, 1998, vart det arrangert teater og kyrkjekonsert på ei og same helg i Stangvik, utan at dei ulike arrangørane kjente til kvarandre sine      planar. Det var da tanken slo oss: Kva med å samarbeide om ei festivalhelg med eit bredt kulturtilbod? Og slik vart det. I år blir det konsertar, teater (familieforestillinga), kunstutstilling, kafé og fotballturnering (!) på ei og same helg. Denne Stangvikfestivalen er den første, men vi håpar det ikkje blir den siste. Meininga er å få til ein årleg festival på seinsommaren her i det gamle kommunesenteret Stangvik. Når vi trur det let seg gjera, er det først og fremst fordi heile bygda stiller opp.

Festivalen er ein skikkeleg dugnad, der ordet “nei” har vore fråverande. I tillegg er bygda godt utstyrt med lokale. Tre av konsertane og teateret går i det særprega Bondehuset, ein konsert går i den staselege prestegarden, og avslutningskonserten blir halden i Stangvik kyrkje, – kjent som ei god konsertkyrkje.

Dette kjem til å bli ein “intim” festival; ein festival der aktørar og publikum går om kvarandre. Her er det muleg å slå av ein prat med musikarar og skodespelarar, å samlast over ein kopp kaffe – eller å synge med. Festivalkaféen er ein viktig del av denne samrøra. Den er open til klokka 02.00 både natt til laurdag og natt til søndag. Dei med sportslege tendensar kan delta på banen eller sidelinja under søndagens fotballcup, der musikarar ofte møter turistlag, lokallag og “verdslaget”. Musikk, teater, kunst, kafé og fotball i ei intim ramme der heile bygda er med. Vi trur alt dette er med på å gjera Stangvikfestivalen til noko for seg sjølv.”

Sidan har det gått oppover med det meste. Dugnadsinnsatsen har kvart år vore det avgjerande for enda betre kunstnarisk og kulinarisk resultat på alt i frå musikk, teater, fotball og fiskesuppe. Vi kan nemne at aktørane blir innlosjert i private heimar, noko som i seg sjølv er ei utfordring, i og med at vi snakkar fort om at ca. 20-25 aktørar skal delta og noen har også med seg delar av familien sin. Men vi har fått gode attendemeldingar frå dei som har hatt aktørane hos seg, og aktørane skryter hemningslaust av bo forholda. Publikum      støttar opp frå år til år, mange har lagt opp ferien sin etter festivalen no i fleire år og dette viser oss som held på med dette at vi gir publikum noko dei vil ha og som har stor positiv innverknad på livet deira. Etter festivalen i 2004, bestemte vi at framover så ville vi arrangere festivalen anna kvart år – mellom anna for å spare, og bygje opp att, litt på den enorme dugnadsinnsatsen som må til. Vurderinga vår i 2014 er at dette grepet var helt avgjerande for å fortsatt kunne ha en levande festival.

Stangvikfestivalen marknadsfører Surnadal sterkt i media, og gjennom fornøgde artistar og publikum. Eksempel er Anne Lise Berntsen, Trygve Brøske, Anders Larsen, Peter Hatfield, Marianne Thorsen, Erlend Skomsvoll (Come Shine og Trondheim Jazzorkester), Kathrine Strugstad, Jo Inge Nes, Trio Alpaca, Marianne Meløy og maaange fleire (ca. 100 stykker – frem til 2008 og ca. 140 etter festivalen i 2012). Og mange har profilert festivalen og Stangvik gjennom Driva, TK, Adresseavisa, NRK–radio og TV og andre viktige mediekanalar når de har blitt intervjuet i forskjellige sammenhengar.

Stangvikfestivalen er i hovudsak ein kammermusikk-festival. Det er ein festival som kunne komme i fare for å verte ein snever festival for dei svært få. Men med den ramma rundt festivalen som Trygve Brøske og sambygdingane har lagt er det ein av dei største kulturoppdragarane i heile midtnorge. Med barneteater, kunstutstilling, fotballturnering og lokale fiskerettar som profilerte ingrediensar saman med kabaretkveldar med ulike tema og dei meir tradisjonelle kammermusikkonsertane trekker festivalen eit stort og mangfaldig publikum. Dei får etterkvart kjennskap til og glede over moderne og gamal musikk, som kan vera vanskeleg tilgjengeleg for både trente og utrente ører dei første gongane du høyrer den. Men med ei ramme rundt konsertane som er unike kjem dei fleste tilbake år etter år. Dei tek også med seg venner og kjente frå nær og fjern. Mange heimflytta surnadalinger og nytilflytta surnadalinger vektlegg kulturtilbodet i kommunen som eit vesentleg bidrag for å flytte til kommunen. Mange av dei besøkande på Stangvikfestivalen trekker fram den som eit eineståande tilbod og eit viktig moment for å velge Surnadal som bustads og feriekommune.

Tronge budsjettrammer gjer oss avhengige av stor dugnadsinnsats for å halde aktiviteten oppe. Dugnad er positivt, og vil alltid vera det sentrale i arbeidet vårt. Samtidig gjer det organisasjonen sårbar når presset på eldsjelene blir for stort.

I ein trong sponsormarknad der det lokale næringsliv støtter opp så godt dei maktar er det ikkje rom for å tilsette lønna administrativt personale i styret.

Ein av føresetnadene for den store dugnadsinnsatsen er at innbyggarane ser at noko blir att i bygda. Ved eit evt. overskot på festivalbudsjettet vil det verta fordelt på Grendalaget 70% og festivalen det påfølgande år 30%. Grendalagets 70% blir nytta til formål som festivalen og grendalaget blir samde om. Dei siste åra har det vorte kjøpt nye bord, stoler, Bose anlegg, del kjøkken inventar og noko er sett av til evt. framtidig kjøp av nytt piano i Bondehuset.

 

Surnadal januar 2006 – 2014

Torbjørn Larsen

Nestleiar i styret