SVISSHOLMEN (Festival camp.)

I 2010 vil det verte mogleg å setje opp telt og parkere campingvogn på Svissholmen (fotballbanen). Det vil vere tilgang til sanitæranlegget som er på Svissholmen. Dvs. toalett/vask og dusj.

 

Thon Hotell Surnadal

Thon Hotell Surnadal ligg i Surnadal sentrum ca. 20 kilometer frå Stangvik klikk  https://www.thonhotels.no/surnadal for å komme til deira heimeside og for info om korleis du bookar deg inn.


 

KVANNE CAMPING

Ligg på Kvanne ca. 6 kilometer fra Stangvik.

Tlf. 71 66 35 10.


 

SURNADAL CAMPING BREKKØYA

Ligg i Surnadal sentrum, like ved elva Surna.

Klikk http://www.surnadal-camping.no/  for å komme til deira heimeside og for info om korleis du bookar deg inn.



HAMMERSTUENE

Ligg i det som tidlegare var sentrum i Surnadal, Surnadalsøra.

Ring 71 66 31 75 for info og korleis du bookar deg inn.

PS! Det er også mogleg å kjøre båt fra Surnadalsøra til Stangvik . . .



Om bygda STANGVIK

Her ser de Stangvik kyrkje med småbåthavna og Svissholmen til venstre. Frå www.stangvik.no har vi henta følgjande; Stangvik ligg i Surnadal kommune på Nordmøre, og er ei bygd med omlag 50 husstander.

Stangvik er eit tidlerare kommunesentrum frå den gongen fjorden var viktigaste ferdselsåra. Det unike i Stangvik er at vi har greidd å halde på eit særprega bygdesentrum.

I helgene og om sommaren er Stangvik eit populært utfartsområde, og det er mange hytter i bygda. Mykje av aktivitetane og det sosiale livet er samla rundt grendahuset Bondehuset.