Overnatting

SVISSHOLMEN (Festival camp.)

I 2010 vil det verte mogleg å setje opp telt og parkere campingvogn på Svissholmen (fotballbanen). Det vil vere tilgang til sanitæranlegget som er på Svissholmen. Dvs. toalett/vask og dusj.

VÅRSØG HOTELL


Vårsøg hotell ligg i Surnadal sentrum ca. 20 kilometer frå Stangvik klikk  http://www.varsog-hotell.no/ for å komme til deira heimeside og for info om korleis du bookar deg inn

KVANNE CAMPING

Ligg på Kvanne ca. 6 kilometer fra Stangvik, tlf. 71 66 35 10.

HAMMERSTUENE


Ligg i det som tidlegare var sentrum i Surnadal, Surnadalsøra. Ring 71 66 31 75 for info og korleis du bookar deg inn - PS! Det er også mogleg å kjøre båt fra Surnadalsøra til Stangvik . . .

SURNADAL CAMPING BREKKØYA


Ligg i Surnadal sentrum, like ved elva Surna. Klikk http://www.surnadal-camping.no/  for å komme til deira heimeside og for info om korleis du bookar deg inn

Om bygda STANGVIK


Her ser de Stangvik kyrkje med småbåthavna og Svissholmen til venstre. Frå www.stangvik.no har vi henta følgjande; Stangvik ligg i Surnadal kommune på Nordmøre, og er ei bygd med omlag 50 husstander. Stangvik er eit tidlerare kommunesentrum frå den gongen fjorden var viktigaste ferdselsåra. Det unike i Stangvik er at vi har greidd å halde på eit særprega bygdesentrum. I helgene og om sommaren er Stangvik eit populært utfartsområde, og det er mange hytter i bygda. Mykje av aktivitetane og det sosiale livet er samla rundt grendahuset Bondehuset